onsdag 2. september 2009

Helle Alida er 6 veker!


Så no er barseltida ferdig og mykje nytt skal skje framover. Da er heilt utrulig kor fort tida har gått! Ho har begynt å smila meir og meir no. Da er så utrulig koslig:-) Ellers sover ho ganske masse enda. Spesielt på dagtid. Så om kvelden er det full baluba! Men no har ho fått seg ein heilt genial stol, som hi kan kosa seg lenge i. Då kan ho følga med på oss eller sjå på dyra, og så får me spist middag i lag i stedet for på skift;-)

Men ho skal fortsatt bærast mykje rundt, så armane begynne å bli slitne ja. Så eg glede meg til å prøva ut bæresele og.

I går var me på seks vekers kontroll og ho følger vekstkurven perfekt. Legen var veldig fornøyd med ho:-)
Helle Alida er veldig glad i tutten sin, men har ho ikkje den i nærheten er tommelen ein god erstatning:-)

Ingen kommentarer: