Viser innlegg med etiketten sommar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sommar. Vis alle innlegg

torsdag 4. august 2011

Sommer i skål




I går hadde me besøk av Anja og Joachim. Utrulig kosli å sjå dei igjen. 1 1/2 år sidan eg såg dei sist. Me kosa oss med jordbær og prat på terassen:-)

Jentene fekk presangar av dei, og aldri har eg sett ein unge bli så gla for klær som Helle Alida blei for Hello Kitty kjolen ho fekk:-) Nora Sofie var mest opptatt av gaveeska...


Så eit lite bilderas..


Kjekt å få brukt litt av alle dei fine sommarkjolane me har fått:-)


Nyter ekte italiensk is:-)



Eg og Nora Sofie på ein sjelden piknik medan Helle Alida sov




Fekk plukka seg ei rosa:-) (håpar det var greit Gerd Olaug?)


Tar litt armhevingar her eg medan eg lurer veeeeldig på ka Helle Alida gjere..


Storesøster er snill og viser fram


Snart kryper eg:-)



I måro vende me snuten vestover og benytter kvelden/natto te å ta oss over fjellet. Da har vore kjempe flott å væra her, man tenke da blir godt å komma heim og.

mandag 1. august 2011

Strandliv:-)




Nåken gonger er det godt med jenter som sover med vakre tær:-)

Då kan mamma og pappa kvila litt på stranda og bytta på å ta ein svømmetur:-)

Men det er jo gøyast når me er våkne då:-)

fredag 22. juli 2011

Sommar og 2 års dag!



I dag sipa regnet ner så eg benytte sjangsen mens gulla sover te å få blogga litt. Ikkje mykje sommarfølelse i dag, men me storkosar oss på ferie:-)

Turen over gjekk så som så. Helle Alida blei bilsjuk og Nora Sofie syns ikkje noko om å ikkje få krypa på golvet, men fram kom me til slutt. (11 timer fra start..)

No har me snart vore i Tønsberg i 2 veker alt og har hatt både skikkelige sommardagar og innedagar. Herlige dagar!

Terrassekos




Strando på Jarlsø (og ein av 2 fantastiske sjiraffar!)




Nora Sofie er begynt å bli travel no.

Jammen meg går da fort på fram med den tøtto. No jobba ho med å komma seg opp på kne og. Ho følger etter Helle Alida overalt og skal leka med alt Helle Alida leker med.






Helle Alida 2 år!


Frokostmuffin, eller "Niffin" som ho kaller da;-)


Jento fekk kjempe masse fint, og endelig har ho fått sykkel! Kjempe stas!




Fine 2åringen vår venter på gjestene

Da blei barnebursdag på jento, med prinsessakaka og muffins:-) 6 ungar var det og eit strålande sommarver!



Godt med kaka:-)


Gullsnuppene





No våkner vel snart snuppene. Har greid å synkronisera dei litt idag, så då blei da litt åleinatid på mor og. Godt da i blandt;-) Kanskje da blir litt skriving ein anna dag og.

søndag 15. august 2010

Badeglede

Detta må jo væra nåke av det beste med sommaren:-)









torsdag 29. juli 2010

herlig sommardag:-)

I dag var den store dagen for ordinær ultralyd!!! Alt var bra med den litle - ein perfekt og skjønn baby som legen sa:-)

Og det ser ut som om det er ei lita frøken som kommer:-) Heilt sikker kan ein jo aldri væra. Utrulig spennande uansett! Terminen er satt til 18. desember. Satsa på litt før denne gongen og;-)



Etterpå drog me heim til Ingjerd og dei som hadde hatt dugnad og passa Helle Alida.

Der var det ei kjempe gøy vatn-leike. Ein slags bane ein skal skli på med vannspreder. Så der storkosa Helle Alida seg med Willy Andre og Kristoffer. Utrulig kjekt å sjå på:-)







Gøy med vatn:-)

tirsdag 13. juli 2010

Sommarferie!!

Endelig er ferien i gong! Ikkje lenge igjen for min del då, men Steinar og Helle Alida ska kosa seg leeenge heima:-)

Me e no i gong med andra ferieveko. Første dagen kom Peder og Janne innom ein snartur. Dei sov over ei natt. Var veldig kjekt å sjå dei:-) Så tidlig dagen etter kom Liss, Frode, Synne og Sara. Dei ofra nattesøvnen og tok turen over fjellet på natta. Var veldig kjekt at dei kom. Helle Alida storkosa seg jo i lag med jentene:-)

Det har til no vore lite sommarvarme og henta. Men innimellom kommer god veret:-) Som på bildet nedanfor der Helle Alida inspiserer barnehagen sin. Der kommer ho nok til å kosa seg stort!


Me tok oss ein tur med sjarken i lag med familien Jønland. Håpa på fisk men da var ikkje så mykje som eit napp. Ikkje så lett å fiska med 3 små og mykje drift, så får ta da igjen når ungane er større. Helle Alida likte absolutt IKKJE redningsvest. Ho hylte og grein heilt til ho fekk seg ein kjeks. Er ikkje så rart at ho ikkje likte den for ho blei jo heilt "knept" og greide ikkje å bevega seg. Så ho satt på fanget mitt heile tida.


Ho var ganske så urolig men til slutt så sovna ho faktisk. Og så tungt som ho sov trur eg ikkje ho har sove sidan ho var nyfødt! Fekk nesten ikkje te å vekka ho. Veldig kos for mammo då:-)


Familien Jønland klar for tur:-)

Me var og ein tur i Bergen og drog på akvariet. Det var meldt så dårlig ver så me tenkte me måtte finna på nåke. Og da hadde nok alle andre tenkt og for på akvariet var det stapp fullt og ekstremt varmt! Men kjekt var da. Spesielt for Synne som måtte sjå nøye i alle akvaria:-)


Helle Alida kosa seg mest ute og såg på pingvinane:-)


Koser seg med SIN EGEN is på terassen:-)
(blei kje glad når det var tomt for å sei da sånn)




På kjøretur te Brandasund. Kosa oss med lunsj i bakgården.



Kosar seg med sunn heimelaga saftis. Kun laga av frisk frukt og bær
(blei kje akkurat gla når denne heller var tom...)

I helga var me på Aga og kosa oss. Det var veldig kjekt å utforska terassen og omgivelsane rundt:-)

Inspiserer det nye bedet


Gåtrening


Spennande å sjå på hønene



Kjempe gøy å reila med pappa!


Ny dusj?




"No e eg snart klar for å sleppa taket!"


Tenk om ei veka er gullsnuppa vår eit år alt! Kan ikkje tru at tida har gått så fort! No kommer tenna oppe, ho prater meir og meir og kanskje ho til og med går snart? Er heilt fantastisk å følga med utviklinga.
Og det er ganske rart å tenka på at no skal ho bli storesøster og me blir ein familie på 4! Gleder meg alt til neste sommar når me forhåpentligvis har bedre tid i lag heile familien:-)