Tenk at no e gulljenta vår 8 veker alt! Syns ho begynner å bli stor alt eg;-) Da e mykje som skjer no, og ho er mykje meir "med" og smiler litt kvar dag. Bading er og blitt ganske så kjekt!
Me har vore ein tur hos fysioterapeut og ho har nok ein låsning i nakken. Så no venter me på time hos manuell terapeut for å "låsa ho opp" og i mellomtida er det trening heime. Ho er kjempe flink og me ser resultater for kvar dag:-)
I helga var me på vår første tur til Tønsberg, og første overnatting hos besteforeldra. Det var kjempe kosli:-) Litt urolig var ho nok, men da var jo så mykje nytt å venna seg til. Dette var faktisk siste gong me var i lag i Syrinveien før da blir flytting til Jarlsø for Gerd Olaug og Finn Reidar. Ganske vemodig egentlig, kanskje spesielt for Steinar som har vakse opp der. Men da kjem til å bli veldig bra på Jarlsø:-) Sista veka i oktober blir da flytting og fram til då er det så mykje anna som skjer.
Me fekk prøva nåke genialt i Tønsberg; Liss har ringslynga og det likte Helle Alida. Eit par sekunder oppi den og ho sov som ein stein! Så no er ein stk ringslynga bestillt;-)
Trening og lek med bestemor
Men me tok med oss nåke fra Tønsberg. Nåken dumme basillar og Helle Alida er blitt sjuk for første gong. Hostar og er tett i naso og ganske sløv. Men feber har ho heldigvis ikkje. Håpar det går over snart.
Ei sjuke og sliten jenta
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar