Tenk i dag er Helle Alida 1 måned alt! Tida flyr og sjølv om ho "berre" er 1 måned føles det som om ho alltid har vore hos oss. Me blir bedre og bedre kjent for kvar dag og nyter livet som småbarnsfamilie på 3:-)No har kvardagen begynt og Steinar har begynt på skulen igjen. Så no er da berre oss jentene heima. Men eg tenker me ska klara å kosa oss i lag;-)
Eg har alltid lurt på kva som tar så masse tid med ein liten baby, og no veit eg da;-) Ska sei da kan væra vanskelig å få gjort alt eg skal med ein ny liten sjef i huset. Men me har da nå ikkje travelt heller då. Da går fint å gjera ting etter kvart.
Dei siste vekene har me hatt masse koslig besøk, både fra Tønsberg, Oslo og Vestlandet! Tante Ingjerd trossa flyskrekken og tok turen over. Kjempe kjekt!
Ein kveld hadde ho og Steinar ein liten foto-shoot, og da blei mange fine bilder!


Jenta vår begynner å bli meir og meir våken og sosial. Her om dagen fekk ho prøva baby-gymmen og den slo ganske bra ann. Ho stirra med store auger på figurane og "kjefta" på dei som ikkje bevegde seg etter musikken;-)
No venter me på at ho skal begynna å "prata" og smila. Da har vore eit par nesten smil og så smiler ho i søvne. Spesielt når ho er god og mett.
Men ho kan og bli ganske fortvila, lei og sint - spesielt ved magevondt. Og då er pappa veldig god og ha og få trøst av..
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar