Viser innlegg med etiketten svangerskapet2. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten svangerskapet2. Vis alle innlegg

torsdag 28. oktober 2010

På tide med ein oppdatering

Er ikkje så mykje som skjer her i bloggen , sjølv om det skjer mykje her heima;-) Tida flyr jo!

Helle Alida koser seg virkelig om dagen. Da e stor stas og væra i barnehagen og ho seier hei før me er gått ut av bilen:-) Ho greier meir og meir sjølv og det og er kjempe kjekt syns både ho og me. I helgene kan da nok væra litt kjedelig for eg greier ikkje så masse sprell og Steinar er jo ganske travel han og..

Men litt får me nå gått ut å leika:

alt=""id="BLOGGER_PHOTO_ID_5533053407799293714" />




Lesehesten vår:



Gøy med bilen:



For min del begynne eg å bli ganske sliten no. Er tøffare å gå gravid med ein aktiv 1 åring i hus;-) Har veldig masse kynnera og diverse så var på sjekk i går. Og det er faktisk noko på gong.. Men umulig å veta korti fødselen starte. Kunne godt gå over termin og. Men burde og forbereda oss på at det kan skje før.. SPENNANDE!!

fredag 17. september 2010

3D ultralyd!

No har me vore å sett på eit nydelig lite gull som bur i magen:-) Og det er ganske så tydelig ei lita snuppe;-)

Ho var veldig aktiv og snudde på seg og drakk masse vatn. Ho hadde og favoritt stillingen med beina over ansiktet, men heldigvis fekk me kikka litt då;-)

Syns nesten me ser likheter med Helle Alida. Er så utrulig spent på kossen detta litla gullet er. Skjønn er ho i alle fall:-)





fredag 3. september 2010

Barnehagejenta!

Tenk no er Helle Alida alt begynt i barnehagen! Kjempe kjekt er det:-) I starten var det ikkje så lett då. Ho hylgrein når eg leverte ho og var ekstremt sliten på ettermiddagane. Men det begynne å gå seg te, og ho storkose seg når ho er der. Men ho er ganske klengete og ekstra mammadalt då, men da går seg nok te etterkvart.



Ho er blitt sjuk for første gong då stakkar:-( Men da går greit. Ho er ikkje nåke meir sjuk enn feber og slakk og tenke ho er bra i måro.

Ellers er ikkje formen min på topp no. Bekkenet krangle skikkelig så blir ganske sliten. Heldigvis har eg pappa som kjøre og hente meg og Helle Alida i barnehagen. Steinar må jo ha bilen for å rekka bussen. Ka sko me gjort uten han? Tusen takk pappa!

torsdag 29. juli 2010

herlig sommardag:-)

I dag var den store dagen for ordinær ultralyd!!! Alt var bra med den litle - ein perfekt og skjønn baby som legen sa:-)

Og det ser ut som om det er ei lita frøken som kommer:-) Heilt sikker kan ein jo aldri væra. Utrulig spennande uansett! Terminen er satt til 18. desember. Satsa på litt før denne gongen og;-)



Etterpå drog me heim til Ingjerd og dei som hadde hatt dugnad og passa Helle Alida.

Der var det ei kjempe gøy vatn-leike. Ein slags bane ein skal skli på med vannspreder. Så der storkosa Helle Alida seg med Willy Andre og Kristoffer. Utrulig kjekt å sjå på:-)







lørdag 12. juni 2010

Mykje har skjedd sidan sist!

Men først av alt la meg presentera:

MINI!

Me har jo visst da ei god stund men no e eg 13 veker på vei. Tenk at me ska ha ein te baby! Mini er venta 19. desember:-)

E ganske rart å væra gravid igjen. Det merkast godt men er ganske uvirkelig i grunn. Hadde jo ikkje heilt forventa da kan ein sei;-) Magen begynner å bli ganske stor alt faktisk så e ingen grunn te å prøva og skjula da i alle fall;-) I starten var eg så trøtt at eg var sjukemeldt, så blei eg vidare sjukemeldt pga av risiko for utagering på jobben. Men eg er så heldig at eg har fått meg ny jobb! På NAV! Eg blei omplassert pga av graviditeten og begynte å jobba på onsdag. Kjempe gøy! Det er eit vikariat som går ut året så rekker nesten å jobba heile vikariatet:-) Det som er veldig veldig bra er at sjølv om det er eit vikariat beholder eg mi faste 100 % stilling i kommunen. Så etter permisjonen har dei plikt til å gi meg jobb:-)

Ellers så er Helle Alida virkelig på vei fram! Ho kryper veldig raskt og yndlingssysselen hennas e å reisa seg opp:-)



Me har og så smått begynt å gå orientering. Kjempe kjekt for alle sammen og passelig trim for meg og Steinar:-)



Bestemor var hos mamma og pappa ein tur og kom på kaffibesøk til oss. Kjempekosli var da:-)



Me har og begynt å væra meir ute uten vogn no. Er nok litt vanskelig for snuppo og bevega seg, men veldig godt å væra ute.

Og som vanlig e da kjekkaste og stå oppreist:-)


Eller smaka på nye ting;-)



Og så har me jo ei fantastisk blid og god jenta:-)




Steinar og Helle Alida har forresten vore åleina heima ei helg. Eg var i Kragerø og kosa meg med Bente og Mari:-) Me har hatt ein fast tur kvart år etter eksamen og ska fortsetta og treffast på hytta te Bente og dei kvart år framover. Ein fin måte å holda kontakten på. Me e jo 7 jenter som hang masse sammen under studiene så håpar me har mulighet te å møtast alle sammen neste år. Blir ingen bilder fra turen;-) Men det var ein perfekt start på sommaren og det gjekk veldig bra heima med far og datter;-)