Viser innlegg med etiketten svangerskapet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten svangerskapet. Vis alle innlegg

fredag 10. juli 2009

Det nærmer seg ankomst for Bitteliten

Me gledar oss heilt utrulig masse no:-) Alt er på plass og me teller ned mot termin. Håpar eg slepper å gå på overtid, for dette knøttet begynner å bli stor no. Kjenner det er trangt i magen;-) Jordmor tippa at babyen blir ca 3700 g visst eg går til termin.

Må jo visa fram den nydeliga vogga! Er så fornøyd med den. Gleder meg til Bitteliten sover søtt der:-)



Det er og to kommande bestemødre som har kommet med utstyr:-) Settet har mamma strikka og teppet har Gerd Olaug strikka. Er så kjekt å ha nåke heimalaga. Da skal bli godt å ha når hausten kommer.

Eg har såvidt begynt på eit sett sjølv, men spørs om eg når opp til standarden til
bestemødrene:-) Eg håpar i alle fall på å bli ferdig til jul.
Ellers kosar eg meg med ventinga om dagen. No trur eg faktisk da er Steinar så e mest utålmodig.

fredag 3. juli 2009

Ventetid

No er så godt som alt klart og me har starta nedtellinga til termin. Litt over 3 veker igjen
berre:-)

På mandag feira Steinar bursdagen sin og Finn-Reidar, Gerd Olaug og Normann kom på besøk. Me kosa oss med reker og ostekaka:-) Trur nok Steinar blei rimelig fornøyd med presangen som var ein Playstation3! Ganske fornøyd eg og;-) No kan me i tillegg til å spela, gå inn på pcen via PS3en og sjå på film og bilder o.l.


Me hadde og ein liten foto-shoot her om dagen for å foreviga magen. Ganske koslige og fine bilder blei det:




torsdag 18. juni 2009

Høygravid jo!

Tida flyr utrulig fort! I dag e eg høygravid:-) Tenk at om ikkje så lenge så har me faktisk fått babyen vår. Utrulig rart å tenka på.

I dag var me på IKEA for ørtende gong. Me har fått med oss feil varer fleire gonger, men no bør virkelig alt væra i hus. Glede meg te å få rydda skikkelig no. Håpa inderlig me blir ferdige med alt før Bitteliten kommer. Ting tar jo litt lenger tid enn før, og Steinar begynner på forkurs på mandag. Men da viktigaste er i alle fall klart.

På sist kontroll sa jordmora at hodet var festa, men da kan jo enda gå lenge før babyen kommer. Men no begynner det å bli skikkelig trangt der inne. Kjenner at babyen prøver å strekke seg, men det er det ikkje plass til;-) Veldig koslig å få så masse kontakt som me gjer no:-)

Må prøva å få tatt eit bilde av magen og snart. Begynner å bli ganske stor no:-)

Ellers håpar eg da blir masse tid til avslapping på terassen og til scrapping. Skal begynna å strikka eit sett som babyen kan ha i vinter og, så da blir nok å gjera på. Masse å kosa meg med:-)

fredag 1. mai 2009

Ny favorittsang

Etter ultralyden fekk me jo med ein kjempe fin DVD med alle bildene satt sammen til ein film. Til filmen blei det spelt ein sang, som eg synest var heilt nydelig.

"Av längten till dig" heiter den. Kommer sikkert alltid til å bli rørt når eg høyre den:-) Hormonell eg? Hehe;-)

Visst du går inn på denne linken blir sangen spelt: http://www.biarne.nu/vackraste.html

Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har sett på DVDen no. Er jo verdens finaste baby:-)

lørdag 25. april 2009

Livet til ein hulebuar:-)


No har me vore på 3-D ultralyd. Da var ein heilt utrulig opplevelse!
Da var heilt fantastisk å sjå da nydeliga nurket vårt.

Legen spurte om me visste kjønnet, og om me ville veta det no. Me sa nei så då skrudde han av skjermen når han måla lårbeinet. Så da er fortsatt ein overraskelse;-) Babyen er nesten 1 kg og alle mål var perfekte. Alt er etter skjema:-) Er så utrulig kry over den litle i magen!

Babyen var kjempe snill som låg rett vei heile tida. Den sutta på både fingrar og arm, drakk vatn, geipa med tunga og åpna augene såvidt. Innimellom kom det litt bein og armar over ansiktet. Det såg ut som om det var fint og bu i magen.

26+5


..gløtta litt med augene..


Og plukka seg i naso;-)


Det begynner å bli trangt no, så turna må ein:-)


Gøymde seg litt vekk og av og til.

VERDENS NYDLIGASTE BABY

Utviklinga har vore utrulig å følga med på. No er det "berre" å veksa seg stor og sterk;-)

18+4
ca. 18 cm




13+1

ca 8,5 cm



8+1

ca 1,8 mm


Om 3 månader kjem du! Gledar oss veldig til å møta deg:-)

~Lykke~


onsdag 22. april 2009

Magen veks...


..og eg synest den blir finare og finare for kvar dag. Da er så herlig å tenka på at da bur ein liten baby der inne. Eg kjenner masse sparking og skubbing nåke som er kjempe koslig:-)

Det kommer nok til å bli tyngre etter kvart, men foreløpig er det berre heilt fantastisk!

Gledar meg skikkelig til fredag når me skal få sjå gullet på 3D ultralyd:-)

søndag 19. april 2009

Den spede starten på ein blogg..

Det er så mykje som skjer framover at eg tenkte at venner og familie kan få følga med via ein blogg. Det er jo mange som er alt for sjelden eg ser og eg savnar alle sammen.

No har eg jo fullt opp med innspurten av studiet så det er ikkje sikkert at bloggen blir så innholdsrik med det første.

Men i starten tenkte eg å holda dåke oppdatert om graviditeten. Er jo over halvvegs allerede:-) (26 veker i dag) Alt går heilt supert, og både eg og litle-gull vekse og gror som me skal. Sjølv om det begynner å bli litt tyngre så nyt eg fortsatt alt som skjer. Da er heilt fantastisk å veta at eit lite menneske gror hos meg og heilt herlig å ha kontakt med den litle:-)

På fredag skal me på 3D-ultralyd! Da gledar me oss veldig til!

Dette blir ein blogg som blir om familien og venner, kvardag og feriar og hobbyar eg har. Gledar veldig til studiene er slutt no, så eg får meir tid til både det eine og det andre;-)