I dag er Helle Alida blitt to veker alt:-) Me storkosar oss med å bli kjent med kvarandre, men gjett om me blir trøtte og;-) Det er ganske surrealistisk at me no har fått ei så nydelig datter, og at me har fullt ansvar for eit lite menneske. Men mest av alt så er det heilt fantastisk herlig:-)

Den første veka var bestemor fra Stord her og hjalp til. Det var utrulig godt å få hjelp og bli dulla med:-) Så tusen tusen takk mamma!
Ellers har me hatt ein del besøk. Kjempe koslig og veldig gøy å visa fram vidunderet vårt:-)
Helle Alida er stort sett ganske rolig. Ho sover leeeeenge om gangen, og sover bra om natta og. Er stort sett berre oppe og får mat ein gong, så står me opp litt før sju igjen. Me går tur nesten kvar dag, og då sover ho i alle fall godt;-) Må sei da er utrulig godt å bevega seg igjen no. Glede meg veldig til å komma i bedre form igjen, så tur skal nok bli ein fast aktivitet.

Bading liker ho sånn passe godt. Da er greit heilt til ho får vatn i håret. Då viser ho virkelig at ho har gode lunger. Håpar ho blir meir glad i å bada, for me har veldig lyst til å begynna på babysvømming.
Me har ei utrulig spennande tid framfor oss. Me får meir og meir kontakt og dei våkne stundene er meir våkne. Men stort sett så sover ho mett og fornøyd;-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar