tirsdag 28. juli 2009

Velkommen til verden Helle Alida


Tenk at me har fått ei så nydelig prinsessa! Me er så utrulig stolte og glade, og gledar oss stort til tida framover.

Då Helle Alida kom til verden - 21.07.09

Det var enda ei veke igjen til termindato, men me hadde så smått begynt å venta på at noko skulle skje. Eg hadde gått ein del gonger til modningsakupunktur og det var lenge sidan hovudet var festa.

Denne tirsdagen var eg litt kvalm og veldig trøtt så eg gjekk og la meg igjen etter frokost. Då eg stod opp i ett tida gjekk eg på do, og då kom det to rare knekkelyder og det var ganske ubehagelig å gå på do. Så kom slimproppen og litt vatn. Det var så lite vatn at eg ikkje var heilt sikker, så eg tok ein dusj og venta på om det kom meir. Det kom litt og litt vatn og eg fekk litt murringer i ryggen. Eg ringte då til føden men dei sa det høyrtes meir ut som utflod og sidan eg ikkje var sikker på at eg hadde rier var det berre å venta.

Det blei etter kvart litt vondare så eg ringte Steinar og fekk han heim. Eg var no sikker på at det var rier, men dei var veldig korte så eg trudde det kom til å ta litt tid enda. Men på den andre sida kom dei veldig tett og blei raskt vondare så eg ville på sjukehuset. Det var selvfølgelig midt i rush trafikken så den bilturen var rimelig slitsom og me tok eit par frekke manøverer for å komma raskare fram.


Me ankom sjukehuset ca halv tre. Sjukehuset har ikkje parkering ved inngangen, så Steinar måtte sleppa av meg og så finna parkering. Eg hang meg fast i ein kant og folk såg veldig på meg der eg slo i veggen når det kom rier. Eg fekk eit par ”Lykke til” av forbi passerande. Det var enormt med folk der, så eg var gla når Steinar kom springande og me fekk kommet oss inn . På vei inn i heisen var eg sikker på at ungen skulle komma og blei nok litt panisk. Da var fantastisk og komma opp til føden og inn på undersøkelsesrommet. Dette var midt i vaktskiftet så eg blei lagt på registrering medan det var overlapping.

Då jordmora kom inn såg ho riene var veldig tette så ho skulle undersøka korleis åpningen var. Ho hadde ikkje kjent lenge etter før ho strakk seg etter ei snor; ”her er det heilt utflata” – full åpning med andre ord. Det kom fleire andre inn i rommet og dei var ikkje sikre på om me rakk å komma inn på føderommet. Men dei tok sjangsen og eg fekk komma opp i fødeseng. Eg var ganske satt ut over at det hadde gått så raskt. Det hadde jo ikkje vore så vondt? Eg hadde sett for meg mange timar med gradvis stigande smerter, aller helst tilbrakt i badekar og med rolig stemning, og no skulle eg faktisk presse babyen ut!

Eg fekk beskjed om å trykka visst eg følte eg måtte det. Det måtte eg og det var veldig godt. Men riene hadde dabba kraftig av og trykkinga var derfor ikkje effektiv. Babyen hadde og ein såkalla fødesvulst som vokste gradvis. Eg blei råda til å spare krefter og heller pusta meg igjennom riene. Det var nesten heilt umulig, eg ville berre trykka. Til slutt ville jordmora ha legevurdering, for dette tok tid. Den første legen ville avventa litt, men dei skulle prøva å få kraftigare rier med drypp. Den ria som kom då var alt for lang så dei tok vekk dryppet igjen.

Etter kvart kom ein ny lege. Eg hadde vel då pressa i to timar og var rimelig sliten. Han avgjorde då at dei skulle hjelpe med vakuum. Etter litt ”teknisk” ordning med drypp og maskiner var alt klart for at babyen kunne komma. Dryppet fungerte visst ikkje, men no var riene kraftigare igjen. Alle hjalp til med å pressa for no skulle babyen ut! Steinar og pressa ganske hardt trur eg;-) Han var forresten heilt fantastisk støtte. Eg trudde nesten augene mine skulle detta ut, så hardt pressa eg. Og etter tre rier så kjente eg at heile babyen kom! Da var ein heilt utrulig følelse! Babyen skreik ikkje med ein gong, så eg spurte ”korfor skriker den ikkje?”. Og då kom den finaste lyden eg nåken gong har høyrt.


Så fekk eg ho opp på magen og ho var så varm og god. Eg sjekka sjølv kva kjønn det var og såg raskt at det var ei lita jente. Steinar fekk ikkje klippa navlestrengen då. Det var litt dumt, men det var nok sidan det blei litt ”dramatikk” på slutten. Dette var ein rask fødsel og eg fekk tips om at me ikkje burde bu på landet dersom me skulle ha fleire små;-) Legen sa det var sjelden pressriene stoppa opp når ein hadde født før.
Å holda sin eigen nyfødte er rett og slett ubeskrivelig og heilt fantastisk!
Helle Alida kom til verden den 21. juli 2009 klokka 18.03. Ho var 3890 gram og 49 cm. Hodeomkrets var 36,5 cm.

Og ho er den nydeligste litla jento i heile verden!


Heilt "fersk"


Lykkelig mamma


Stolt pappa


Vidunderjenta vår

Tenk i dag er tulla vår alt ei veke gammal. Det har vore ei fantastisk veka og me gleder oss til fortsettelsen!

Ingen kommentarer: