Det går veldig bra med jentene våres. Nora Sofie veks kjempe raskt og har begynt å smila og prata:-) Ho er fortsatt ein kjempe rolig unge og sover veldig bra om natta. I natt sov ho faktisk 8 timar! Veldig godt for ei mamma som er trøtt og skal opp tidlig med storasøstera. Ser ut som me får ein av kvar. Ein morgenfugl og ei natteravn;-)
Eg synest Helle Alida er oppe litt vel tidlig då. Var ein periode ho våkna før 5 men no er det på bedringens vei og ho sover kanskje til 5.30-06.00, eller heilt til 6.30 visst me er ekstra heldige. Ho er fortsatt glad jento og tuller og tøyser dagen lang. Men gjett om jenta har temperament og då! Da begynner å visa seg meir og meir - er jo i rette alderen for sånt;-) Til tider er ho nok ganske frustrert over alt litlajento trenge så mykje oppmerksomhet, men stort sett går da veldig bra.
No har me endelig begynt å komma oss utanfor dørene litt, og i helgene prøver me å gå tur i lag alle 4. Me har fått låna oss ein bag til vogna som Nora Sofie kan ligga i. Helle Alida var ikkje heilt enig i at ho sko sova i den "nye" vogna, men til slutt blei ho så trøtt at ho sovna alikavel. Da var veldig stas å mata endene, så det har me gjort litt i da sista.
Me har og begynt på babysvømming med begge jentene:-) Fantastisk kjekt! Da er ein liten kabal som skal opp den dagen då. Først er det meg og Helle Alida og så bytter eg og Steinar jenta og han tar med Helle Alida heim medan eg og Nora Sofie badar. Den første gongen blei da eit kaos uten like i garderoben. Helle Alida var rett og slett redd når me sko dusja. I bassenget klamra ho seg til meg og eg tenkte da kanskje ikkje blei bading på ho... Men etterkvart tødde ho opp og kosa seg veldig:-) Neste gong gjekk da litt bedre i dusjen og strålande i bassenget! Ho hoppa til og med fra kanten! Og no sist gjekk da knirkefritt i garderoben og:-)
Nora Sofie kosar seg og veldig. Kikker med store auger opp mot lyset og slappar heilt av:-) Me har ikkje bilde av ho enda sidan ikkje nokon har vore med å sett på når ho badar.
Ellers er det mykje innekos no i kulden. Me har laga til lekerom opp som Helle Alida syns er kjempe kjekt, og så har me mala ein del:-)
Nora Sofie holder seg stort sett til å følga med eller sova;-)
Men ho begynner og så smått og bli meir interessert i leiker så litt tid under babygymmen blir da og:-)


Klar for heireise 


