Tenk det er snart 3 veker sidan Nora Sofie blei født! Dagane har gått i ett siden då og me kosar oss kjempe masse med jentene våre:-)
Først av alt litt om fødselen..
Då Nora Sofie kom til verda
Det nærma seg termindato, men eg hadde vore utålmodig lenge. Hadde hatt masse sterke kynnera i fleire månader som berre blei vondare og vondare. No var eg virkelig klar så eg fekk bytta jordmortimen den veka frå torsdag til tirsdag i håp om at ho kunne hjelpa fødselen i gong. Jordmora tok ein sjekk av meg og fant ut at livmorhalsen var heilt utflata og at det var nokre centimeter opning. Så tøyde ho litt for å sjå om det vart fortgang i sakene. Ho satte meg opp på ny time og sendte henvisning til overtidskontroll. Men ho trudde nok eg fødde før den tid.
Etter dette følte eg meg litt annleis og ved middagsbordet byrja dei ”vanlige” taka som eg hadde kvar kveld. Det som var annleis var at no starta det tidlegare på ettermiddagen og så byrja det å gjere vondt i lysken.
Då det nærma seg leggetid for Helle Alida hadde eg fortsatt dei same taka og tenkte eg skulle høyre med føden kva dei syntes. Eg fødte jo veldig raskt sist og håpa på ein roligare opplevelse denne gongen. Jordmora på telefon sa at foreløpig høyrtes det ut som om det kunne væra noko med bekkenet men at det ikkje var skikkelig i gong enda. Men eg kunne komma opp visst eg ville. Ho spurte om eg hadde tegn til fødsel. Det var det ikkje så eg valgte å avventa. Men rett etter at eg hadde lagt på kom dei første teikna, så då bestemte me oss for å reisa opp til føden etter å ha levert Helle Alida til besteforeldra.

Ankommet føden - me er i gong!
Me tok oss god tid sidan det ikkje var vondt enda og var vel framme på føden litt før 19.30. Jordmor ville sjekka opning med ein gong. Eg hadde gitt beskjed om at det gjekk raskt sist så dei ville passa på at det ikkje var komme så langt enda. Åpningen var 4 cm. Blei satt på ctg-registrering som viste ein del sammentrekningar. Men foreløpig trengte me ikkje fødestove så me fekk flytta inn på familierom. Der slappa me av og venta på om det kom til å ta seg opp. Den kommande pappa sovna litt innimellom men eg var nok litt for gira til å slappa av. Etter kvart fant me oss litt kveldsmat for å lada opp til ei muligens lang natt.
"Plagsom Paparazi"
Ved vaktskifte kl 22.00 kom jordmora ”vår” innom for å sjå korleis det gjekk. Eg hadde då tatt tida på riene og hadde 4-5 på 10 minutter. Dei varte ikkje så veldig lenge, ca. 30-40 sekunder og var ikkje vonde. Ho sjekka hjertelyden og sa ho berre skulle bli ferdig med ein fødsel før me skulle få komma inn på fødestove. Men ho hadde lagt utstyr på utsida sidan eg muligens kom til å føda raskt.
Flytta over på fødestova. Glade og spente:-)
Litt før kl 23.00 kom me inn på fødestove. Riene tok seg brått skikkelig opp og no begynte det å gjera vondt. Då jordmor sjekka meg var det 7 cm åpning. Eg prøvde lystgassen littegrann men syntes det var litt ekkelt å puste i maska. Greidde å kontrollera pusten under riene noko som gjorde det lettare å komma gjennom vondtene. Steinar hjalp til med å stryka meg over kinnet. Einaste plassen han fekk lov å ta på meg;-) Eg kløyp han ganske hardt i hånda innimellom. Ein gong ”klaga” han på at det var vondt og då hadde eg visst blitt ganske så sint;-) Her var det EG som hadde vondt!;-)
Rundt midnatt var åpningen 9 cm. Fosterlyden tyda på at babyen kunne væra stressa så jordmor valgte å ta vatnet. Utrulig rar følelse. Vatnet var fint og fosterlyden var fin igjen. Etter ho tok vatnet kjente eg virkelig hovudet som skrudde seg ned i bekkenet. Det var skikkelig rart og eg måtte pressa raskt etter dette. På første pressrie turde eg ikkje å ta skikkelig i og følte eg ikkje heilt visste korleis eg skulle gjera det. Men så forklarte jordmor kva eg skulle gjere og eg greidde å presse effektivt. Jordmora hadde på forhånd og gitt meg instruksjoner om å holde igjen når ho ba meg om det, slik at eg ikkje skulle revne.. Er kjempe gla for at eg greidde det! Fy søren kor vondt men veldig lurt. Husker veldig godt ho sa at babyen hadde masse mørkt hår. Og så husker eg kor gla eg blei då ho sa at på neste rie kommer babyen! Tenk eg greidde å pressa ho ut heilt på egen hånd. 3 pressrier hadde eg og kl 00:23 den 15.12.2010 kom Nora Sofie til verda. Det var heilt fantastisk å kjenna at ho kom ut. Ho skreik med ein gong – verdens finaste lyd. Eg huskar eg sa ” Steinar, da e ein baby!”. Og så syntes eg ho var veldig liten. Og den følelsen når ho kom opp på brystet var jo heilt fantastisk. Da finnes ikkje ein betre følelse! Steinar grein og eg var i himmelen. Dette var rett og slett ein drømmefødsel:-)
Lykkelig mamma
Lykkelig mamma
Ho låg lenge på brystet og kosa. Eg fekk sjå morkaka og Steinar fekk klippa navlestrengen. Etterpå leita ho seg fram til puppen og låg der lenge og kosa seg. Amminga gjekk kjempe fint med ein gong:-)
Nora Sofie var 3260 gram og 50 centimeter ved fødselen. Hovudomkretsen var 34 centimeter. Og ho er heilt fantastisk nydelig!
Heilt ny
Endelig pappa sin tur:-)
Første dag

1 dag gammal

Det var utrulig spennande då me skulle presentera dei to søstrene for kvarandre. Helle Alida syntes det var kjempe kjekt og var veldig opptatt av å peike på magen min og så på babyen. Trur ho forstod koblinga der. Ho skulle og kosa masse med Nora Sofie:-) Desverre blei Helle Alida sjuk så ho kunne ikkje komma fleire dagar på sjukehuset.
Første møte
Ei våken jenta 2 dagar gammal
Klar for heireise 
Den dagen me kom heim var Helle Alida blitt frisk og kom fra besteforeldrene. Storesøstera skulle stå ved vogga heile tida og ved den minste litle lyd fra Nora Sofie så sprang ho bort og skulle sjå. Eg hadde egentlig forventa meg at ho skulle bli veldig klengete, spesielt ved amminga. Men det er heller motsatt. Ho leiker mykje sjølv og når det er amming lar ho oss bli ferdig i fred. Flinka "stora" jento mi:-) Men me må ikkje gløyma at ho tross alt kun er 17 mnd..
Ei fantastisk blomsterhelsing frå vennegjengen i Tønsberg! Tusen takk!
I jula har me kosa oss veldig. På julafta var me heima hos oss og Gerd Olaug og Finn Reidar kom og feira saman med oss. Det var utrulig koslig:-) Helle Alida kosa seg og veldig. Da blei pølsa og kålerabistappa på ho til middag, noko som falt i smak, og ho rakk å åpna ein del pakkar før ho la seg og. Kjempe stas:-) Nissen kom og på overraskande besøk. Ho blei litt skeptisk, men da var nok veldig spennande å treffa han;-)
"Litlo" og hadde pynta seg
Mykje pakkar!
Kvelden vart avslutta med at me spelte kort. Nora Sofie fekk væra med og gjekk frå fang til fang:-)
I Romjula har me kosa oss masse i lag. Me har leika masse med Helle Alida og dei nye leikene hennar. Av oss fekk ho eit telt. Her var det inn med puter og bamsar. Ein perfekt stad å slappe av og lesa bøker, eller å leika gøymsel:-)
Me var og 2 dagar på Aga. Kjempe kos! Helle Alida storkosa seg med å leikia med besteforeldra. Her er det "Ride ride ranke" som er på gong;-)
Det har ikkje blitt så mykje me har vore ute, men me måtte nesten ut ein tur å sjå på all snøen. Skikkelig kvit jul hr da vore:-)
Nyttårsafta gjekk rolig for seg. Me kosa oss med kalkun i Kappelen og Helle Alida og Kristoffer hadde det kjempe kjekt i lag:-) Me for heim til leggetid. Me såg ikkje vitsen med å halda Helle Alida oppe til kl 00.00. Litt tidlig enda. Eg, Steinar og Nora Sofie tok og kvelden i god tid før det nye året. Ensa så vidt fyrverkeriet så me var ganske trøtte..
Ellers er no kvardagen i gong.
Eg er veldig spent på korleis det kjem til å bli no når Steinar har begynt på skulen igjen. Tenker eg skal prøva om litlo kan ligga i slynga så eg får ledige hender til storesøster og.
Eg er veldig spent på korleis det kjem til å bli no når Steinar har begynt på skulen igjen. Tenker eg skal prøva om litlo kan ligga i slynga så eg får ledige hender til storesøster og.
Nora Sofie er ein rolig baby. Ho har knapt grine sidan me kom heim. Så lenge ho får mat ofta så er ho kjempe fornøyd:-D Foreløpig sover ho mykje. Ho har ein våken periode seint på kvelden. Litt "upraktisk" sidan det er då eg skal legga meg. Dei siste dagane har da snudd litt og ho har hatt lange våken periodar på dagen. Men da blir nok ei stund enda før da begynne å stabilisera seg med døgnrytmen. Men så lenge eg kan kvila litt på dagen så går det kjempe fint.
Til slutt må eg få visa fram dei siste bilda av litla jento:-) Me hadde ein liten foto-shoot på søndag og er veldig fornøyd med å få så fine babybilder:-)
2 kommentarer:
Åh så masse fine bilder. Savne dåke - dåke bur jo så langt vekke fra meg. Trur eg må ta meg ein tur i veka og kosa litt eg:-) ( viss eg får lov)
Her var masse flotte bilde. Er så glad for at me kan treffast så ofte. Kristoffer storkosar seg jo saman med Helle Alida. Nora Sofie er jo berre ein heilt nydeleg liten baby.
Legg inn en kommentar