Me e no i gong med andra ferieveko. Første dagen kom Peder og Janne innom ein snartur. Dei sov over ei natt. Var veldig kjekt å sjå dei:-) Så tidlig dagen etter kom Liss, Frode, Synne og Sara. Dei ofra nattesøvnen og tok turen over fjellet på natta. Var veldig kjekt at dei kom. Helle Alida storkosa seg jo i lag med jentene:-)
Det har til no vore lite sommarvarme og henta. Men innimellom kommer god veret:-) Som på bildet nedanfor der Helle Alida inspiserer barnehagen sin. Der kommer ho nok til å kosa seg stort!
Me tok oss ein tur med sjarken i lag med familien Jønland. Håpa på fisk men da var ikkje så mykje som eit napp. Ikkje så lett å fiska med 3 små og mykje drift, så får ta da igjen når ungane er større. Helle Alida likte absolutt IKKJE redningsvest. Ho hylte og grein heilt til ho fekk seg ein kjeks. Er ikkje så rart at ho ikkje likte den for ho blei jo heilt "knept" og greide ikkje å bevega seg. Så ho satt på fanget mitt heile tida.



Me var og ein tur i Bergen og drog på akvariet. Det var meldt så dårlig ver så me tenkte me måtte finna på nåke. Og da hadde nok alle andre tenkt og for på akvariet var det stapp fullt og ekstremt varmt! Men kjekt var da. Spesielt for Synne som måtte sjå nøye i alle akvaria:-)

I helga var me på Aga og kosa oss. Det var veldig kjekt å utforska terassen og omgivelsane rundt:-)

Ho var ganske så urolig men til slutt så sovna ho faktisk. Og så tungt som ho sov trur eg ikkje ho har sove sidan ho var nyfødt! Fekk nesten ikkje te å vekka ho. Veldig kos for mammo då:-)
Familien Jønland klar for tur:-)
Helle Alida kosa seg mest ute og såg på pingvinane:-)
Koser seg med SIN EGEN is på terassen:-)
(blei kje glad når det var tomt for å sei da sånn)
På kjøretur te Brandasund. Kosa oss med lunsj i bakgården.
Kosar seg med sunn heimelaga saftis. Kun laga av frisk frukt og bær
(blei kje akkurat gla når denne heller var tom...)
Inspiserer det nye bedet
Gåtrening
"No e eg snart klar for å sleppa taket!"
Tenk om ei veka er gullsnuppa vår eit år alt! Kan ikkje tru at tida har gått så fort! No kommer tenna oppe, ho prater meir og meir og kanskje ho til og med går snart? Er heilt fantastisk å følga med utviklinga.
Og det er ganske rart å tenka på at no skal ho bli storesøster og me blir ein familie på 4! Gleder meg alt til neste sommar når me forhåpentligvis har bedre tid i lag heile familien:-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar