Då er me heima i Fredrikstad igjen og tilbake til kvardagen. Me kosa oss skikkelig i jula med over 2 veker på vestlandet:-) Bilturen bort gjekk kjempe fint. 11 timar rundt sørlandet blei tilbragt stort sett sovande av Helle Alida. Godt at ho likar å sova i bilen.
Starten av oppholdet var stort sett alle litt reduserte. Blei forkjøla heile gjengen. Da var ein del forberedelsar til både dåpen og jula som skulle gjerast, så tida fløy. Merker da er blitt vanskeligare å disponera tida no med ein liten ein ja.
Juleafta var me på Aga med Steinar sin familie. Utrulig koselig og pinnakjøtet var perfekt:-)
Helle Alida pynta seg med kjolen Bestemor i Kappelen har strikka. Sjå så fin!
Kvelden blei kort for Helle Alida sin del, men dagen etterpå kunne ho og få ta ein nærmare kikk på julatreet. Masse fint å sjå på der:-)
Ny favorittleke i jula:-)
Lånte hua til nissen litt:-)
2. juledag var da tid for dåp. Me hadde gleda oss lenge til å feira jenta vår saman med heile familien. Og tenk, alle oldeforeldrene kunne komma. Veldig stas! Alt gjekk heilt perfekt og ho grein når ho skulle. Kan jo ikkje berre godta at ein fremmed heller vatn over hovudet vel? ;-)
Her venter me på å komma i gong. Helle Alida var den første som skulle døypast. Veldig greit sidan det er begrensa kor lenge ho orker å sitta stille på fanget.

Fina dåpsjenta vår! Kjolen har Bestemor i Kappelen sydd, med ekte silke fra silkemarkedet i Kina. Silken var det Bestemor i Tønsberg som skaffa.
Krøllete kjole etter ein lang dag, men nydelig alikavel.
Ellers så har me kosa oss masse med venner og familie. Helle Alida har hatt masse vondt i munnen då. Me ventar og ventar på at tennene skal begynna å komma fram, for ho har klødd lenge no. Da blei ein del urolige netter, så snuppa fekk komma inn til oss både titt og ofta. Veldig koslig då;-) Me slutta og å amma i jula. Helle Alida var skikkelig urolig kvar gong det var mat, og satte mykje bedre pris på å få flaska. Slappa meir av då. Me har og smakt på litt andre ting. Gulerotpuré og fruktmos. Nåke smakte og nåke var ikkje særlig populært. Blir gøy å komma i gong med faste måltid og variera maten meir no.
Morgenfuglen vår:-)
1 kommentar:
Så koselig. Save dåke allerede eg. Glede meg til å sjå dåke igjenn alle tre.
Klems
Legg inn en kommentar