mandag 7. desember 2009

Ei veldig veldig bra helg, og perfekt start på veka!

Dette har vore ei skikkelig kose helg! På fredag kveld var eg på "julabord" med jentene i Fredrikstad. Me kosa oss meg god mat og vin, og skravla og spelte spel. Eg var nok litt vel trøtt , så blei ikkje så veldig sein kveld på meg.

På lørdag var det familiekos heima. Det har jo ikkje blitt så veldig masse av da, så me må ta godt vare på dei stundene.



På søndag skulle eg på "julebord-treff" i Oslo og tok med med Helle Alida. Steinar tok ein tur til Normann i mens. Da var så kjekt å treffa mange koslige jenter som eg berre har "møtt" på nettet. Praten gjekk veldig lett, og Helle Alida var i sitt ess med mange gode fang å sitta på:-)
Etterpå gjekk me ein tur til Normann me og og kosa oss der ei stund.

Den perfekte starten på veka var at Helle Alida sov heile natta!!! (eller var inne med tutt 1 gong, men vanligvis ska ho ha tutten maaaange gonger). Me blei reint bekymra faktisk, når me våkna før ho. Så måtte inn å sjekka. Men der sov ho heilt perfekt og stod opp kl 7:-)

Ho pleier å stå opp alt fra 5-7, men kl 7 er ganske sjelden og då berre fordi ho har spist i 5 tida.

Endelig føle eg meg faktisk litt utkvilt! Har vore litt på kanten sliten i da sista, så håpar virkelig at suksessen fortsetter:-)

Kosejenta vår:-)



Ingen kommentarer: