mandag 29. juni 2009

Endelig tid til andre ting og

Da er berre heilt fantastisk å ha fri og tid til å kosa meg med hobbyar litt og:-) No har eg begynt på baby-albumet. Måtte jo scrappa alle dei fine ultralydbildene:-)

Sommar og sol:-)



I helga har me kosa oss i Tønsberg:-) Dette var nok siste turen på lenge tenker eg. Da har vore utrulig varmt den siste tida, så da var herlig å endelig få bada! Nydelig vatn!

Eg har fått skikkelig elefantfot i varmen då. Men men. Må tåla litt. Så lenge den ikkje blir veldig mykje større så er eg fornøyd:-)



På kvelden var me hos Frode og Liss og grilla. Det var faktisk første grillkvelden for min del i år, og var kjempe koslig:-)


Det ser ut som denne veka blir lika varm, så eg får få Steinar te å kjøra meg å bada på ettermiddagane;-)

søndag 21. juni 2009

Endelig ein smak av sommer:-)


I helga har me rydda og rydda så me nesten ikkje kjenner igjen leiligheten. Utrulig deilig å bli kvitt så masse rot, og få vaska skikkelig etter mange veker hard eksamensjobbing. Men slitsomt var det og. Så i dag har det vore godt å slappa skikkelig av:-) Me fekk besøk av Tina, Sebastian og Nicholas. Kjempe koslig:-) Me kosa oss lenge på terassen og så tok me ein tur ut på Hvaler. Da var så godt med frisk sjøluft!


Da var herlig å sitta på eit varmt svaberg med tærna i sjøen:-) Fekk ganske lyst te å bada og, men da får me ta seinare på ein plass da er litt enklare å komma seg opp. Er ikkje så spretten for tida;-)


Etter turen for me inn te by'n å spiste mexikansk mat! Nam nam! Alt i alt ein perfekt dag:-)

I måro begynner Steinar på skulen igjen då. Litt kjedelig at det ikkje blei ferie i lag, men han får litt over to veker fri i august. Håpar Bitteliten kommer litt før eller til tida så Steinar og får kosa seg litt heime med oss. Steinar er sikker på at babyen kommer to veker før, så me får sjå om han får rett;-)

Formen min er fortsatt veldig bra, sjølv om eg ikkje orkar å gå turar og sånt. Men da skal bli herlig å slappa av med god samvittighet i tida framover.

torsdag 18. juni 2009

Høygravid jo!

Tida flyr utrulig fort! I dag e eg høygravid:-) Tenk at om ikkje så lenge så har me faktisk fått babyen vår. Utrulig rart å tenka på.

I dag var me på IKEA for ørtende gong. Me har fått med oss feil varer fleire gonger, men no bør virkelig alt væra i hus. Glede meg te å få rydda skikkelig no. Håpa inderlig me blir ferdige med alt før Bitteliten kommer. Ting tar jo litt lenger tid enn før, og Steinar begynner på forkurs på mandag. Men da viktigaste er i alle fall klart.

På sist kontroll sa jordmora at hodet var festa, men da kan jo enda gå lenge før babyen kommer. Men no begynner det å bli skikkelig trangt der inne. Kjenner at babyen prøver å strekke seg, men det er det ikkje plass til;-) Veldig koslig å få så masse kontakt som me gjer no:-)

Må prøva å få tatt eit bilde av magen og snart. Begynner å bli ganske stor no:-)

Ellers håpar eg da blir masse tid til avslapping på terassen og til scrapping. Skal begynna å strikka eit sett som babyen kan ha i vinter og, så da blir nok å gjera på. Masse å kosa meg med:-)

tirsdag 9. juni 2009

Eg er sosionom!

Endelig er eg ferdig utdanna! Var spesielt og bli tatt i handa med eit "velkommen kollega" av sensor:-) Har jobba veldig hardt no, så er litt kry over meg sjølv;-)

Eg fekk B på den første delen og C på den andre, så er veldig fornøyd:-) Kunne jo heilt sikkert gått enda bedre, men muntlig er ikkje mi sterke side. Dei to andre fekk B på begge, men dei er utrulig gode på muntlig. Så eg er ikkje så veldig misunnelig på den andre B'en;-)

Eksamen varte i 3 timar og var ganske tøff, så no blir da full utladning på sofaen.

Da skal bli så utrulig godt å få slappa av med god samvittighet. I dag kan eg faktisk sjå på frustrerte fruer:-) Ellers ska da bli godt å få bygga ferdig "redet" og kun konsentrera meg om da nesta stora som skal skje. Det er jo ikkje lenge til Bitteliten kommer:-)

lørdag 6. juni 2009

Snart ferdig!!!

Me fekk B på bacheloroppgåva!!! Så då er første mål nådd. No er det "berre" det verste igjen. 3 timar muntleg eksamen der me skal forsvara oppgåva, og ein del med alt pensum fra 3.klasse + 900 sider sjølvvalgt. Wæææææ... Går vel bra får ein tru;-)

To knall harde dagar med studering blir da, men so e da kanskje aldri meir studier?

onsdag 20. mai 2009

Et steg nærmare!

I dag har me levert bachelor oppgåva så no e eg eit steg nærmare å væra ein ferdig utdanna sosionom:-) Ein utrulig god følelse!

Men da gjenstår ein god del og då. Har eit par tusen sider å lesa dei neste 2 1/2 vekene, så da e berre å låsa seg inne.. Ikkje så lett for ein "stakkars" gravid-hjerne å pugga fagbøker. Satse på at da går bra til slutt;-)

Så då e da berre å stå på så kan eg kosa meg med ruging og redebygging no snart.