fredag 22. juli 2011

Sommar og 2 års dag!



I dag sipa regnet ner så eg benytte sjangsen mens gulla sover te å få blogga litt. Ikkje mykje sommarfølelse i dag, men me storkosar oss på ferie:-)

Turen over gjekk så som så. Helle Alida blei bilsjuk og Nora Sofie syns ikkje noko om å ikkje få krypa på golvet, men fram kom me til slutt. (11 timer fra start..)

No har me snart vore i Tønsberg i 2 veker alt og har hatt både skikkelige sommardagar og innedagar. Herlige dagar!

Terrassekos




Strando på Jarlsø (og ein av 2 fantastiske sjiraffar!)




Nora Sofie er begynt å bli travel no.

Jammen meg går da fort på fram med den tøtto. No jobba ho med å komma seg opp på kne og. Ho følger etter Helle Alida overalt og skal leka med alt Helle Alida leker med.






Helle Alida 2 år!


Frokostmuffin, eller "Niffin" som ho kaller da;-)


Jento fekk kjempe masse fint, og endelig har ho fått sykkel! Kjempe stas!




Fine 2åringen vår venter på gjestene

Da blei barnebursdag på jento, med prinsessakaka og muffins:-) 6 ungar var det og eit strålande sommarver!



Godt med kaka:-)


Gullsnuppene





No våkner vel snart snuppene. Har greid å synkronisera dei litt idag, så då blei da litt åleinatid på mor og. Godt da i blandt;-) Kanskje da blir litt skriving ein anna dag og.

onsdag 15. juni 2011

Nora Sofie er 6 måneder!

Er ikkje ofta eg skriv her no, men 6 måneders dagen til Nora Sofie fortjener litt ekstra oppmerksomhet.

Tenk at da er mulig at tida kan gå så fort! Litlo begynner jo å bli stor jo. Er nok ikkje lenge før ho er overalt. Ho blir meir og meir mobil for kvar dag, og no har ho begynt å "crawla" litt og kommer seg nåken centimeter på fram.

Jento er jo og eit einaste stort smil:-) Klart ho kan klaga og sei i fra ho og men stort sett er ho blid. Spesielt blid er ho med Helle Alida. Ho elsker storesøstera og er det nåken som kan få fram latteren er det ho. Og Helle Alida er og veldig opptatt av litlasøstera. Skal klemma på ho og hjelpa å passa på. Ho vil og ha ho med å leika og dansa men da er litt vanskelig foreløpig;-) Helle Alida tar og veldig etter meg og skal amma seier det samme til trøst osv. Mellom anna seier ho "Komme snart Noa Sie", "Gjekk da bra?" "Vennen min". Dei er så skjønne i lag og får da nok mykje kjekt framover.



Så litt bilder av "jubilanten":




Og to små filmar;



Ellers er det travle dagar her. Eg og jentene er åleina i 3 veker men me klare nå å kosa oss forda;-)

Me har vore på Eggøy







Og me har vore på Helle






Og eg har vore på Roxette konsert!


Og ellers kose me oss ute når me kan:-)


torsdag 17. mars 2011

3 Måneder!

Blir ikkje tid til noko skriverier her, men må jo visa jento som alt er 3 måneder! Ska sei tida går fort og da går kjempe fint med jento:-)


Blei ikkje noko oppdatering om oss no men får sjå om da ikkje blir eit lenger innlegg ein anna dag..

fredag 4. mars 2011

Dåp!

Litt forsinka men må jo skriva litt om dåpen til Nora Sofie:-)

På søndag 27. februar var det dåp i nysæter kyrkje. Me var dei einaste som hadde dåp den dagen og dåpsbarnet oppførte seg eksemplarisk. Var to veldig stolte foreldre som fekk visa fram dei to herlige jentene våre:-)





Faddera var Brynhild, Oddvar, Anita, Peder, Liss og Frode. Frode og Liss kunne desverre ikkje komma pga av at Frode har skada ryggen sin:-(



Etterpå var det feiring. Me fekk låna eit kjempe flott lokale på Leirvik. Her var det god plass og mulighet for å spela bilijard og lufthockey:-) Perfekt for dei yngste, men populært hos dei eldre og;-)




Me hadde bestilt tapas som mat og hadde maaaange gode kaker:-)



Medan me spiste kosa dåpsbarnet seg i bilstolen.



Helle Alida og Kristoffer var fantastisk søte i bunadane sine:-)


Vilde er superflink til å leika med dei små:-)


Nora Sofie fekk utrulig mange fine presangar:-)



Fotoshoot!






Ein perfekt dåp:-)

onsdag 16. februar 2011

Kan tida virkelig gå så raskt?

No er Nora Sofie 2 mnd alt! Jøye meg kor tida flyr. Ein dag er vekk før eg får sukk for meg. Nesten som ein sko ønska at eit døgn hadde fleire timar.




Det går veldig bra med jentene våres. Nora Sofie veks kjempe raskt og har begynt å smila og prata:-) Ho er fortsatt ein kjempe rolig unge og sover veldig bra om natta. I natt sov ho faktisk 8 timar! Veldig godt for ei mamma som er trøtt og skal opp tidlig med storasøstera. Ser ut som me får ein av kvar. Ein morgenfugl og ei natteravn;-)
Eg synest Helle Alida er oppe litt vel tidlig då. Var ein periode ho våkna før 5 men no er det på bedringens vei og ho sover kanskje til 5.30-06.00, eller heilt til 6.30 visst me er ekstra heldige. Ho er fortsatt glad jento og tuller og tøyser dagen lang. Men gjett om jenta har temperament og då! Da begynner å visa seg meir og meir - er jo i rette alderen for sånt;-) Til tider er ho nok ganske frustrert over alt litlajento trenge så mykje oppmerksomhet, men stort sett går da veldig bra.

No har me endelig begynt å komma oss utanfor dørene litt, og i helgene prøver me å gå tur i lag alle 4. Me har fått låna oss ein bag til vogna som Nora Sofie kan ligga i. Helle Alida var ikkje heilt enig i at ho sko sova i den "nye" vogna, men til slutt blei ho så trøtt at ho sovna alikavel. Da var veldig stas å mata endene, så det har me gjort litt i da sista.







Me har og begynt på babysvømming med begge jentene:-) Fantastisk kjekt! Da er ein liten kabal som skal opp den dagen då. Først er det meg og Helle Alida og så bytter eg og Steinar jenta og han tar med Helle Alida heim medan eg og Nora Sofie badar. Den første gongen blei da eit kaos uten like i garderoben. Helle Alida var rett og slett redd når me sko dusja. I bassenget klamra ho seg til meg og eg tenkte da kanskje ikkje blei bading på ho... Men etterkvart tødde ho opp og kosa seg veldig:-) Neste gong gjekk da litt bedre i dusjen og strålande i bassenget! Ho hoppa til og med fra kanten! Og no sist gjekk da knirkefritt i garderoben og:-)




Nora Sofie kosar seg og veldig. Kikker med store auger opp mot lyset og slappar heilt av:-) Me har ikkje bilde av ho enda sidan ikkje nokon har vore med å sett på når ho badar.

Ellers er det mykje innekos no i kulden. Me har laga til lekerom opp som Helle Alida syns er kjempe kjekt, og så har me mala ein del:-)



Nora Sofie holder seg stort sett til å følga med eller sova;-)





Men ho begynner og så smått og bli meir interessert i leiker så litt tid under babygymmen blir da og:-)